stordnytt.no : Tubesnakes i godt rock’n blues slag

Osvald Pub 10.08.2012

– Eg trur bare ikkje folk vett kor steikjande goe di e, da e jo heilt rått mann.

Den diggande sidemannen vår var ein av eit lite hundretals lyttande med takttrampande føter, då Tubesnakes seint fredag kveld varta opp med sugande rocke-blues på Osvald Pub. Sidan oppstarten i 1994 har gitarist og vokalist Lars Vad, bassist Johnny Stensletten og trommis Per Inge Stensletten og i dei seinare år også pianist per Kenneth Hauane, vore trufaste i musikkstilen. Det har gjeve det gode resultat for publikum, at dei leverer sakene stødig og overtydande.

Tusen takk til Steinar H. 🙂